Rett på nyåret 2024 flyttes alle elever fra Skrinnhagen skole over til den nybygde barneskolen. Dermed er 184 års skolehistorie slutt. Det er da naturlig å publisere skolens historie på biri.no. De fleste av artiklene er hentet fra jubilumsavisen som ble utgitt i forbindelse med skolejubileet i 1989 av en redaksjon bestående av Thor Bakken, Mona Bekkelund, Anne Lene Flaa, Grethe Hagen, Jon Hegge og Grethe Svelle. Avisen er i sin helhet innskrevet og digitalisert av Trond Vegar Ødegården og en del av artiklene har allerede stått på trykk i Biriavisa.

1860: Tegning av Skrinnhagen skole rundt 1860

Om skoleforhold i Biri fra 1739 til 1960

I forbindelse med «Grunnskolens uke» holdt Henrik Brekke et kåseri ved Skrinnhagen skole den 4. november 1987. Han har i sitt 92.  år ( i 1989) egenhendig redigert dette kåseriet til en artikkel for jubileumsavisa. Dette er første del av artikkelen.

Eg har truleg tatt på meg noe eg kjem til å angre på. Det er ikkje for gamle folk å opptre i forsamlingar. Men eg har ikkje tenkt å halde noe foredrag. Eg har fleire gonger møtt i forsamlingar og prata om eitt eller anna aktuelt emne.

Det er ikkje ofte at Grunnskolen har høve til å orientere folket om det arbeid som går for seg i skolen. Og det er ikkje berre her ved Skrinnhagen det er slike tilstelningar. Alle skolar i landet skal ha ei slik veke for å skape god kontakt med folket.

Og eg trur at dette er både nyttig og nødvendig. Eg har møtt foreldre som har kommet til meg og sagt: «Je skjønner ikke hva ungene mine driver på med på skolen nå for tida. Det var annleis før da je gikk på skolen.» – «Ja, men du må huske på at det er 30-40 år sia du gikk på skole. Og det er mye som har endra seg på den tida i samfunnet. Og skolen må jo også forandre seg i takt med utviklinga i samfunnet ellers.»

Det var vel nettopp denne utviklinga av skolen rektor hadde i tankene da han kom til meg og spurde om eg kunne fortelle litt om skolens historie.

Den offentlige skolen har ingen gammel historie. Den 23. januar 1739 kunngjorde Kongen av Danmark/Norge, Kristian 6., lov om pliktig skole for alle barn fra dei var 7 år til dei var 12 år. Ved kvar hovedkjerke skulle det overlates til presten å ordne med “omgangsskolar” i soknet. Det ble også bestemt at skolen skulle gi opplæring i religion og lesning som pliktige fag. Frivillig kunne det gis litt opplæring i skriving og rekning når foreldre ønsket det og var villig til å betale litt for det. Utgiftene til gjennomføringa av lova skulle utliknes på matrikkelen; det vil seie bøndene.

Det viste seg snart at denne lova let seg ikkje gjennomføre. Landet vårt var nemlig på den tida sterkt hjemsøkt av farsotter og uår. Kongen måtte bøye av. Ved “plakaten” eller Skolelova av 1741 skrev Kongen m.a.: «Det tillates menigheten selv som best kjenner forholdene i distriktet der de bor å avgjøre når loven lar seg gjennomføre og hvorledes utgiftene med lovens gjennomføring kan dekkes.» Etter denne lova skulle presten og de mest «ansette bønder» og lensmannen arbeide ut skoleordning for prestegjeldet.

Kong Kristian 6. var ein ihuga pietist. I nært samarbeid med kjerka vart det i 1736 utarbeidd lov om pliktig konfirmasjon. For å bli konfirmert måtte konfirmanten ha lært eit visst minstemål av kristendomskunnskap. Det hende at ungdommen måtte gå både 2 og 3 år for presten, som dei sa. Og den som ikkje var konfirmert, fekk ikkje lov å gifte seg. Skolen som etter kvart kom i stand, vart først og fremst ein konfirmantskole. Hoffpresten hos kongen, Erik Pontopidan, arbeidde ut ei forklaring til Luthers Katekisme. Det var ei omfangsrik bok med meir enn 700 spørsmål og svar. Alle tatt ut fra Bibelen. Dette skulle være ei hjelpebok for lærarane, sa Pontopidan. Men boka vart nok misbrukt. Elevane måtte pugge side opp og side ned. Etter kvart kom det forkorta utgaver av Pontopidans forklaring som i nærpå to hundre år var brukt som lærebok i den norske skolen. I Biri var Pontopidans forklaring i bruk til 1930-åra.

Biri var av dei heldige prestegjeld som gjennom åra hadde mange prester som hadde stor interesse for utbygging av skolen. Etter kvart vart bygda inndelt i kretser og skoleroter, og omgangsskolen kom i gang. Men fasteskole som lova hadde, tok det tid før vi fekk.

Anders Lysgård på Svennes var lensmann og ein foregangsmann i så mangt. På hans eigedom like ved Vismunda ble Biri Glassverk bygd. Det kom i drift i 1766. Etter lova måtte alle som ville reise industri, forplikte seg til å opprette skole for barna til arbeiderane og funksjonærane. Ein slik bedriftsskole kom såleis i gang ved Biri Glassverk i 1782. Den bygningen skolen heldt til i, står på garden Verket den dag i dag.

Truleg var det denne skolen på glassverket som gjorde at Anders Lysgård vart så interessert i å få bygt ein fasteskole for Biri. I 1812 kalla han bøndene i Biri sentrum inn til eit møte. Han hadde fått laga teikningar til eit skolebygg. Og mange hadde på førehand teikna seg for nokso store summar i reide pengar. Men 1812 vart eit forferdeleg uår. Og folk fekk anna å tenke på enn å bygge skole.

Som kjent vart Anders Lysgård vald som utsending til Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Han gjorde seg også der sterkt gjeldande i arbeidet med Grunnlova. Millom anna foreslo han at pliktig skole for alle barn skulle ha ein serskilt paragraf i Grunnlova. Men forslaget rakk ikkje fram. Fleirtalet meinte at det spørsmålet måtte komme som ei særlov seinare.

Og 13 år seinare fekk vi so: “Lov av 14. juli 1827 om almue skole på landet”.

Denne lova var i det store og heile den samme lova som Kong Kristian den 6. sende ut i 1739, men måtte trekke attende da den ikkje lot seg gjennomføre på den tid, som før nemnt. Lova av 1827 tok ogso sikte på å førebu barna til konfirmasjonen. Kristendomskunnskap og lesing vart difor dei viktigaste faga. Men det vart ogso undervist i skriving og rekning, men det var mer frivillige fag.

Lova slo fast at det skulle vera minst ein fast skole i kvart prestegjeld. Ellers i bygda skulle det vere omgangsskole. Bygda vart difor inndelt i kretsar og rotar. Det blei sett opp ruteplanar som læraren skulle fylgje. Der skolen skulle halde til, måtte bonden syte for rom for undervisning og kost og losji for læraren: alt utan betaling.

Men kanskje det viktigaste med lova av 1827 var at det no skulle være ein skolekommisjon som skulle ordne og styre almueskolen. Skolekommisjonen besto av presten som formann, lensmannen, medhjelparane og valgmennene i prestegjeldet. (Etter at formannskapslova var gjennomført, kom formennene i kommunestyret i staden for valgmennene.)

Det at representanter for folket kom sterkare med i styringa av skolen, skapt da ogso større interesse for skolen i bygda. Det at lova var vedtatt av eit folkevalgt Storting, verka som ein appell til folket. Det kom tydeleg til syne under bondereisinga i trettiåra. Det sterkaste argumentet embetsmennene i Stortinget førde mot kommunalt sjølstyre, var nettopp dette at folkeopplysningen sto so lågt utover bygdene, at det fanst ikkje folk som kunne utføre det administrative arbeid som lov om sjølstyre ville kreve.

I 1935 fekk eg høve til å gå gjennom formannskapsprotokollen fra 1837 og åra framover. Det var berre bønder i kommunestyret i Biri. Alle hadde sirlig, pen handskrift, og ordføraren som førde møteboka, kunne forme tankane på ein lettfatteleg og korrekt måte. Kvar hadde so desse bøndene fått lærdommen sin fra? Kanskje noen hadde fått det første grunnlaget i omgangsskolen, og så øvd seg vidare på eige hand. Men dei fleste bønder hadde engasjert huslærar for barna sine. Det kunne vere studentar som tok seg fri eit år eller to, og tok seg jobb som lærar hos ein velståande bonde. Vi kjennar historier om Markus Trane, som var ein slik huslærar på ein stor gard i Fåberg. På nært hald fekk han sjå den store skilnad det var millom bonde og almuen. Almue, det var husmenn, tenarar, lausarbeidarar og inderster. Og blant disse sto nok ikkje opplysningen synderlig høgt. Men det er da ogso i første rekke desse gruppene den nye Skolelova tek sikte på å nå. Difor heiter det “lov om almueskolen”.

Omgangsskolen hadde vore i gang i nærpå 100 år. Men fasteskolen let vente på seg.

I 1836 sender formannen i skolekommisjonen, sokneprest Fangen, brev til departementet der han foreslår at plassen Skrinnhagen blir avstått fra prestegarden til tomt for Biri faste skole, og at husmannsplassane øvre og nedre Kalrasten blir avstått til bruk for den som blir tilsett som lærar ved fasteskolen.

Med brev av 25. oktober 1837 gjer departementet kjent for skolekommisjonen at forslaget fra soknepresten er godkjent. Medan skolekommisjonen venta på svar fra departementet, hadde dei arbeidd med å teikne bidrag til skolebygg. Bøndene viste stor interesse og det blei ytt atskillig i både pengar og tømmer. Byggearbeidet vart sett i gang. Arbeidet gikk fort unna. Og den 22. april 1839 vart skolen innvigd og tatt i bruk som fast undervisningslokale.

Skolebygget låg i retning aust/vest i nordre enden av der det nye skolebygget ligg i dag. Bygget var i to høgder. I første høgda var det kjøkken og kammers for læraren. Og eit større møterom. I andre høgda var det ein nokså stor skolesal. Dertil to mindre rom som læraren disponerte. Eg skal ikkje her gå inn på planar og metoder for undervisninga. Men det må ha vore ei nokso broket forsamling av ungar frå 7 til 12 år på eitt golv. Skolen ga ogso opplæring til konfirmert ungdom som hadde tenkt å bli lærarar i omgangsskolen. Det var altså einslags lærarskole. Den avdelinga sto under spesiell tilsyn av presten som i samarbeid med klokkaren, sto for opplæringa. Disse elevane måtte betale litt for seg. Lærarkursa ved fasteskolen hadde ikkje søkarar berre frå Biri, men det kom ogso elevar både frå Fåberg og Brøttum. Desse elevane vart nytta som hjelpelærarar. Dei fekk på den måten verdfull øvelse i å undervise. Og det kom godt med når dei seinare fekk tilsetting som lærar.

Møterommet i første høgda vart etter kvart mykje brukt. Som kjent fekk vi kommunalt sjølstyre i 1837. Og kommunestyret hadde dei faste møtene sine på Skrinnhagen. Skolekommisjonen, fattigkommisjonen og forlikskommisjonen brukte ogso fasteskolen som møtestad. Og da det i 1857 vart skipa ein sparebank, fekk også banken lokaler i fasteskolen. Skrinnhagen vart på den måten eit midtpunkt for heile bygda.

Før vi forlet fasteskolen i startfasen, må ein ta med at læraren ved skolen tok over bruken av øvre og nedre Kalrasten i 1841. Da hadde kommunen sett opp nødvendige uthus. Dette bygget var plassert der framhaldsskolebygget står i dag, altså i nord/syd retning. Litt syd for denne driftsbygningen sto eit anna uthus der det m.a. var rom for brensel, redskapar m.m. Dette bygget stod i retning øst/vest ned mot elvekanten.

Etter kvart voks det fram ei viss misnøye med omgangsskolen. Lærarane som skulle vandre rundt fra gard til gard var misnøgde. Og bøndene som skulle skaffe husrom til skolen og kost og losji til læraren gratis, var heller ikkje nøgde med ordninga. Og styresmaktene både i stat og kommune vart etter kvart klar over at det måtte bli ei ny skoleordning. Det var ogso eit omskifte i åndslivet. Pietismen var på retur og rasjonalismen tok meir og meir over millom dei leidande i kulturlivet. Ogso innafor presteskapet og kjerka i det heile, merker ein denne endringa. Den danske presten og salmediktaren Grundtvig var ein foregangsmann på det området i Norden. Han er kanskje best kjend som opphavsmann til tanken om Folkehøgskolen. Mange i Norge vart oppglødde for Grundtvig og det han arbeidde for. “Hva solskinn er for det sorte muld, er som opplysning for muldets frende.” Det var ein Grundtvig-sang som blei flittig brukt der ungdom kom saman.

Men ogso i Norge var det mange som arbeidde ivrig for folkeopplysning. Med sangen “Kunnskap skal styre rike og land” slo diktaren Vinje fast at arbeid for meir opplysning må få større plass ogso i skolen. Og det arbeidet bør ta til i barneskolen.

I Oslo var det ein cand.filol. O.H. Nissen, som hadde drive private skolar etter nye metoder og nye planar. Ein skole for gutar, og seinare ein skole for jenter. Nissens pikeskole vart ein landskjent skole heilt fram til våre dager. Denne Nissen vart i 1850-åra utnemnd som konsulent eller rådgivar i skolesaker i Kirke- og undervisningsdepartementet. Og det var han som laga utkastet til ny skolelov som Stortinget vedtok 16. mai 1860.

Skolelova av 1860 var eit stort framskritt for skolestellet i Norge. Med den lova vart omgangsskolen avskaffa. Kommunane skulle delast inn i skolekrinsar. I kvar krins skulle kommunen bygge eller leige tilfredsstillande skolelokaler. Og det skulle berre tilsetjast lærarar med eksamen frå seminar eller lærarskolar. Vidare kravde lova at i kvar kommune skulle det vere minst ein skole der læraren hadde i tillegg til kontantlønna, ein skolegard som kunne fø to kuer.

Skolekommisjonen kom fort i arbeid. Bygda var delt i skolekrinsar slik lova sa. Krinsane vart heller små i utstrekning. Såleis vart det to krinsar på Biristrand, med skole i Åsen og på Huskelhus. På båe stadar vart det leigd skolerom. I Øverbygda vart det ogso to krinsar. I den nørdste krinsen vart skolen lagt til Øvre Taraldsrud som kommunen kjøpte. I den nedre delen av Øverbygda krins veksla skolestaden mellom Dal og Alseth. På båe stader var det leigde skolerom. I hovedsoknet hadde vi frå før fasteskolen. Nå var det slutt med å ta inn aspirantar til læraryrket. Nå hadde vi fått seminar for lærarutdanning. Mellom anna hadde vi ein slik skole for utdanning av lærarar på Toten. Vidare vart Kringsrud, Klundby og Redalen sjølstendige skolekrinsar, men førebels med skole i leigde lokalar. I 1875 vart det såkalla “Bjerkestykket” kjøpt inn til skole i Redalen. Nytt skolehus med lærarbustad blei bygt nederst på det stykket ved Hærepersbakken. Resten skulle læraren ha som lærarjord. Da jordstykket var større enn det som var vanleg for ein lærargard, og dertil disponerte eit produktivt skogstykke, måtte læraren svare ei lita årleg avgift til kommunen.

I 1877 kjøpte kommunen garden Kringsrud. Det vart skilt ut eit høveleg areal av jord til lærargard. Resten av jordvegen og ein nokso stor skog som høyrde til garden, vert seld til so god pris at kommunen kom billeg fra den handelen. Bolighuset vart bygd om so det vart plass både for skolesal og lærarbustad.

Det vart i dei næraste åra etter 1860 skaffa lærarjord i fire skolekretsar. Dei lærarane som ikkje hadde skolegard, hadde rett til kostpengar i tillegg til den kontante løna som var nokso beskjeden. Var læraren og familien hans interesserte i jordbruk, var ein lærargard eit godt tilskot til løna. Det som her er nemnt synar at kommunestyret og skolekommisjonen ville legge tilhøva slik til rette at lærarane kunne trivast i gode arbeidsforhold, og at det kunne bli ein god skole.

Eg har nå i store trekk gjort greie for den ytre råma for krinsskolane. Nå får vi gå over til å sjå litt nærare på dei indre tilhøva i skolen. Som før nemnt, var omgangsskolen nærmast ein konfirmasjonsførebuande skole. Religion og leseøving var hovedfaga. O.H. Nissen som var konsulent for skolesaker i departementet, mente at skolen burde gje noe opplæring i orienteringsfag. Det måtte kunne kombineres med leseøvinga. Stiftsprosten i Oslo, P.A. Jensen, hadde i nært samarbeid med Nissen samla geografi, historie og naturkunnskap. Han kalla boka “Lesebok for folkeskolen og folkehjemmet”. Ved kongelig resolusjon av 23. mai 1863 blei P.A. Jensens lesebok autorisert som lærebok i almueskolen. Men boka skapte oppstyr utover landet der pietismen framleis sto sterkt. Det skapte harde protester og stor strid mange stader. Fortellingar fra Bibelen var bytt ut med meir verdslige ting. Det vart av protestantane oppfatta som angrep på kristendommen. Kor hard kampen mot den nye leseboka var i Biri, har eg ikkje kunne oppspore. Dei fleste prestane i Biri var rasjonalistar, og det kan godt vere at protestar mot den nye leseboka ikkje var so kraftig her. Men det kom like etter ein annan strid som var hardare og kanskje meir fantatisk. Det var striden og kampen mot kvinnelege lærarar.

I 1869 vart skolelova av 1860 endra på eitt punkt, eller rettare sagt: Lova fekk eit tillegg. Tillegget gjekk ut på at det skulle vere lov å tilsette kvinner som lærarar. Men dei kunne berre undervise i det tre første årskulla, eller i småskolen som vi bruker seie. Dette var noe nytt som vakte stor strid. Ja, mange stader var kampen mot kvinnelege lærarar like hard som striden i våre dagar mot kvinnelege prestar. Men tidene har nok endra seg totalt. I dag er kvinnene i fleirtall ved dei fleste skolar i landet. Og ingen i dag synes det er noe merkeleg. Kanskje det går slik med prestestanden og?

Skolelova av 1860 førde skolen eit stort skritt framover jamført med omgangsskolen. Men framleis var den ein almueskole der presteskapet hadde stor påverknad når det gjaldt tilsyn og styringa av skolen. Femti år etter at det kommunale sjølvstyre var innført, reiste spørsmålet seg med stor tyngde om ikkje ogso skolen skulle vere folkestyrd. Det var jo folket ved kommunen som skulle bera utgiftene. Og da måtte det vere rett og rimeleg at folket hadde tilsynet og styringa av skolen. Dette synet førde til at Johan Sverdrup som sjef for regjeringa i 1885 sette ned eit utvalg som skulle komme med innstilling om lov om folkeskolen for land og by. Det skulle altså vere ei lov for folkeskolen i byane og ei lov for folkeskolen på landet. Framlegget frå kommisjonen vart vedtatt av Stortinget og det to lovane vart sanksjonerte 26. juni 1889.

Dermed var tanken om folkestyre av skolen også gjennomført. Kommunestyret skulle velge medlemmer av skolestyret. Skolestyret skulle sjøl velge formann og nestformann. Presten, ordføraren og ein representant for lærarane var sjølskrivne medlemmar av skolestyret. Skolestyret skulle velge formann for ei tilsynsnemd for kvar skolekrins. Skolekrinsen skulle så i møte velja dei andre medlemmene av tilsynet.

Skolestyret hadde rett til å tilsette lærarar. Men først skulle tilsynsnemnda i den krinsen læraren skulle arbeide laga ei innstilling for skolestyret. Tilsettinga i skolestyret trengde godkjenning av skoledirektøren. Skolestyret skulle også arbeide ut skoleplan, undervisningsplan og timefordelingstabellar m.m. Desse planane måtte også godkjennast av skoledirektøren før dei kunne settast i verk. Folkeskolen er 7-årig. Alle born millom 7 og 14 år er skolepliktige. I småskolen skulle skoletida vere minst 12 veker i året à 30 timar. Ingen skolekrins kunne ha mindre enn seks elevar.

Slik var i grove trekk ramma om den skolen lova av 1889 bar bod om. Men lova slo ogso fast kva fag skolen skulle gje opplæring i. Det skulle arbeidas ut lærebøker i geografi, historie med samfunnslære, naturkunnskap med helselære. Det skulle også vere opplæring i handarbeid for jenter og sløyd for gutar. Kroppsøving er også nemnt som eit fag skolen burde ta seg av. Lova seier ogso at eit par dagar om våren bør nyttast til skogplanting.

Jau, Biri kommune hadde ei stor oppgåve for å få folkeskolen i den stand lova kravde. Men heldigvis, nett på den tid sat det svært dugande menn både i formannskapet og i skolestyret. Eg skal ikkje trekke fram noe einskild navn her. Skolestyret gjekk samla inn for å finne den beste løysinga. Først måtte ein sjå på krinsinndelinga. Vi hadde på den tid åtte skolekrinsar. Dei vart fort samde om å skjæra talet ned til seks. (Eg ser her i denne framstillinga bort fra Snertingdal.) Dei to krinsane på Biristrand var slått saman. Og Ekernbakken blei kjøpt til tomt for skolebygg og jord til ein lærargard. Likeeins vart dei to krinsane i Øverbygda slått saman, og jord til tomt og lærargard kjøpt av garden Stuve.

Neste skritt var å få utarbeidt teikningar til skolehus med lærarbustader. Kven som har laga disse teikningane, kjenner eg ikkje til. Det var nok eit slags standard teikning. Praktisk talt alle skolehus i Vestoppland bygt i den tid er so like både utvendig og innvendig. Derfor er det rimelig at departementet hadde fått laga typeteikningar. Skolen på Biristranda og i Øverbygda var nøyaktig like. Det var eit bygg i to høgder. I den søre delen var det to klasserom, eitt i kvar etasje. I den andre enden var det lærarbustad i første høgda, og to mindre rom for lærarinne i andre høgda. I andre høgda var det og eit rom som skulle vere sløydsal. Skolehuset ved Skrinnhagen vart noe større, for banken hadde kjøpt seg rett til rom i første høgda mot vest. Banken flytta ut i 1919. Begge klasseromma måtte derfor byggast i andre høgda, det eine like over kjøken og stua i lærarbustaden. Dette var til nokså stor ulempe for lærarfamilien. Her fekk ogso lærarinna to små rom i andre høgda.

Eg har frammafor fortalt at det stod strid om kvinnelege lærarar i 1870-åra. Men i 1881 blei den første kvinnelege lærar tilsett ved Skrinnhagen skole. Og ho stod i full post til 1926 da ho vart pensjonert. Litt seinare kom det so lærarinner også ved dei andre krinsane.