Rett på nyåret 2024 flyttes alle elever fra Skrinnhagen skole over til den nybygde barneskolen. Dermed er 184 års skolehistorie slutt. Det er da naturlig å publisere skolens historie på biri.no. De fleste av artiklene er hentet fra jubilumsavisen som ble utgitt i forbindelse med skolejubileet i 1989 av en redaksjon bestående av Thor Bakken, Mona Bekkelund, Anne Lene Flaa, Grethe Hagen, Jon Hegge og Grethe Svelle. Avisen er i sin helhet innskrevet og digitalisert av Trond Vegar Ødegården og en del av artiklene har allerede stått på trykk i Biriavisa.

SKOLEBILDE: Bildet viser en av klassene ved Skrinnhagen skole, antageligvis i 1896.

Om skoleforhold i Biri fra 1739 til ca. 1960 – del II

Vi fortsetter her Henrik Brekke sin historie om Skrinnhagen: I åra 1892 til 1896 vart det bygt nye skolehus ved Øverbygda, Biristrand, Klundby og Skrinnhagen som det siste var ferdig i 1896. Det kan vere av interesse å sjå nærare på barnetalet ved dei enkelte krinsar og skolar. Vi kan da ta året 1900. Skoleplikta var da frå 7 til 14 år, og elevtalet var slik ved skolane i Biri:

Biristrand skole: 112 elevar – 5 delt, ny skole 1893

Øverbygda skole: 114 elevar – 5 delt, ny skole 1895

Skrinnhagen skole: 113 elevar – 5 delt, ny skole 1896

Kringsrud skole: 39 elevar – 3 delt, påbygd 1896

Klundby skole: 44 elevar – 3 delt, ny skole i 1896

Redalen skole: 137 elevar – 5 delt, noe av krinsen ble i 1910 lagt til Snertingdal

For å syne utviklinga ved dei einskilde krinsar, tek eg med elevtalet også for 1937:

Biristrand skole: 70 elevar – 4 delt – 2 lærarposter

Øverbygda skole: 95 elevar – 5 delt – 2 1/2 lærarpost

Skrinnhagen skole: 150 elevar – 7 delt – 3 1/2 lærarpost

Kringsrud skole: 12 elevar – 2 delt – 1 lærarpost

Klundby skole: 43 elevar – 3 delt – 1 1/2 lærarpost

Redalen skole: 69 elevar – 4 delt – 2 lærarposter

Tilsaman: 439 elevar – 12 1/2 lærarpost

Årskullet litt over 62. Desse tala synar at det var barnerike familier i gamle dagar. Dei årlege fødselstala låg i overkant av 60 dei fleste åra i første halvpart av vårt århundre. Fram til i dag har det vore ein nesten skremande nedgang. Biri er nok ikkje i noen særstilling. Trenden er nok den same i dei fleste kommunar.

I Biri hadde kommunen tatt eit krafttak med å skaffe gode skolelokalar for skolen i alle krinsar. Det vitnar om at medlemmene i skolestyret og kommunestyret var fullt klar over den store betydning ein god skole ville ha for barna, ungdommen og den slekta som kom etter dei.

Ved fem av dei seks skolekrinsane hadde kommunen kjøpt jord til lærargardar. Det kom nok godt med; for den kontante løna som Stortinget hadde fastsett var heller liten. I 1900 var løna for ein lærar kr 19,00 pr. veke, med fire alderstillegg à kr 100,00 pr. år. I 1915 var vekesløna kr 24,00. I 1918 vart det eit svært hopp til kr 50,00 pr. veke, alderstillegg kr 250,00 og eit fylkestillegg som varierte noe fra fylke til fylke.

I kvart fylke var det ein fylkesskolekasse. Staten løyvde ein viss sum til desse fylkesskolekassane. Eit valgt styre på tre medlemmer skulle arbeide ut framlegg for fylkestinget til løyving av fylkesskolekassa til skoleformål i dei einskilde kommunane. Det var såleis fylkesskolestyret som godkjende når ein lærar hadde opptent alderstillegg eller var kvalifisert til fylkestillegg, godtgjering for manglande bustad. Fri bustad var nemleg ein del av løna. Avsavn for bolig var kr 300,00 pr. år. Denne ordninga med at løyvingar frå staten skulle fordelast av fylkesskolestyret, var det slutt med i 1936. Da gjekk statstilskotet direkte til kommunane.

Eg må nå gjere ei lite sprang bort frå skolane i Biri.

Som før fortalt var det frå 1889 ei serskild skolelov for folkeskolane i byane. På einskilde punkt skilde den seg frå landskolelova. Det gjaldt til dømes skoleplikta. I lova for byane heitte det nemleg at ein elev kunne slutta i folkeskolen etter 5. klasse, og gå over i middelskolen som var 5-årig. Denne ordninga hadde skapt uro og stort misnøye i skolen. Særleg var lærarane i mot ordninga. Når nytt skoleår tok til vart det samanslåing av 6. klassar som hadde mist nokre av dei flinkaste elevane sine til millomskolen. Det var berre barna av velståande foreldre som hadde rå til å gå på ein privat middelskole.

I 1935 vart det endeleg slutt på dette. Lærar Nils Hjelmtveit var Kyrkje- og undervisningsminister. Han sytte straks for å få arbeidt ut ei ny lov om Einskaps-skolen. Den lova slår fast at folkeskolen skal vera 7-årig for alle elevar. Som overbygging frå 7-årig folkeskole, skulle det vere 3-årig realskole og 5-årig gymnas, men slik at dei to første åra i gymnaset kunne vere saman med realskolen. Elevane i realskolen kunne såleis gå to år i realskolen og so gå over til 1. klasse i gymnaset. Fagkrinsen i folkeskolen måtte da utvidast med bl.a. litt engelsk og husstell.

Undervisningsministeren var uhyre effektiv. Alt 16. juli 1936 vart det vedtatt ny lov for folkeskolen på landet. Lesetida vart uvida, krinsane skulle justerast og fagkrinsen utvidast. Målet var å få ogso folkeskolen på landet innpassa i Einskaps-skolen. Skriftleg eksamen i norsk og rekning var påbode i lova, da det skulle vere grunnlaget for opptak til realskolen.

Det vart stilt store krav til kommunane. Men lova bestemte at skolen skulle gje direkte tilskot til den einskilde kommune. Til lærarløner var tilskotet fra 50-80% alt etter den økonomiske stilling kommunen var i. Lova bestemte ogso at fylkeskommunen var pliktig å yte tilskot til innkjøp av innbu og læremidler. Ogso til bygging av skolar skulle fylket gje stilskot. Ja, det vart eit stort skippertak kommunane i landet stod overfor. Derfor sette departementet ein rommeleg frist for gjennomføringa. Krava skulle vera gjennomførde innan 1942.

Biri skolestyre sette ned ei nemnd hausten 1936. Nemnda fekk som mandat å arbeide ut ein plan for gjennomføring av ny skoleordning i Biri slik at krava i skolelova vart oppfylt. Under arbeidet måtte nemnda ta omsyn til kva kommunen kunne makte reint økonomisk.

Nemnda drøfta fire alternativ for framtidig skoleordning.

• Alternativ 1: Skolen ordnes i seks skolekrinsar som no.

• Alternativ 2: Ny krinsinndeling. Bygda deles i fire krinsar – Kringsrud og Klundby krinsar legges ned og elevane føres over til Skrinnhagen og Redalen skoler.

• Alternativ 3: Ein skole for heile bygda.

• Alternativ 4: Fire krinsar som under alternativ 2, men 6. og 7. årskull fra heile bygda samles ved Skrinnhagen skole.

Nemnda valgte alternativ 2. Det kunne gjennomførast på ein praktisk og etter måten rimeleg måte. Det var da tanken  at dei praktiske fag og kanskje engelsk kunne leggast til Skrinnhagen ved ein 4. og kanskje ein 5. skoledag ved alle skolar. På den måten ville ein kunne auke lesetida og utnytte lokaler og lærarkrefter på ein rasjonell måte. Det vart nærare skissert kva ein trengde av nybygg ved krinsskolane og ved Skrinnhagen. Den endelege tilråding leverte nemnda til skolestyret i august 1939. Etter lova skulle skolestyret legga saka fram for krinsane før dei la den fram for kommunestyret. Men i april 1940 kom krigen, og folk fekk anna å tenke på enn å bygge skolar. Planane vart difor lagd på is til etter krigen i 1945.

I 1914 blei framhaldsskole innført i Biri. Skolen varte i 24 veker à 36 timar. Skolen skifta millom krinsane frå år til år. Elevane var frå 14 til 18 år. Var det få konfirmerte søkjarar til skolen eit år, kunne 7. klassingar frå den krinsen skolen var i få gå framhaldsskolen. Men i slutten av tjueåra sto det dårleg til med økonomien både i kommune og stat. Skolar som ikkje var lovbundne sto i faresonen. Framhaldsskolen i Biri vart da ogso nedlagt av økonomiske grunnar i 1926.

Alt i 1946 vedtok Stortinget lov om framhaldsskolar. Biri kommune vedtok da å innføre framhaldsskole på nytt fra hausten 1946. Det var ein teoretisk klasse i leigde lokalar. I 1947 kom det i gang ein klasse for jenter i husstell og ein klasse i sløyd for gutar. Desse kursa held til i leigde lokalar i bygda, og var nok helst litt primitivt utstyrte.

Det viste seg å vera vanskeleg å få byggeløyve dei første åra etter krigen. Alt som var nedbrent under krigshandling hadde første rett til å komme i gang med oppattbygging. Biri fekk soleis byggeløyve til nytt herredshus alt i 1946, fordi huset skulle reisast på Elverhøy på branntomta til bankhuset som brant ned i april 1940. Men løyve til skolebygg måtte ein vente på. Først i 1952 fekk vi papira i orden. Det å få byggeløyve gjekk nøye, men korrekt for seg. Først skulle fylkesskolestyret sette opp ei prioriteringsliste. Den vart send departementet som tok endeleg avgjerd og utdelte byggeløyve.

Eg vart formann i fylkesskolestyret i 1948. Hadde vore fast medlem sian krigen, so eg kjende skoletilhøva i fylket godt. Som formann måtte ein vere strengt objektiv. Biri var ikkje av dei kommunane i fylket som var dårlegast stilt når det gjaldt skolar. Derfor måtte Biri komme langt ner på prioriteringslista. Men som nemnt, i 1952 var det Biris tur. Fylkesarkitekten fekk i oppdrag å arbeide ut teikning etter oppgitt program.

Arbeidet med å rydde tomta kom i gang hausten 1952. Uthusa som var bygde i 1841, vart fjerna. Og byggearbeidet kom i gang tidleg året etter og anlegget kunne takast i bruk i 1954. Bygget besto av to klasserom for teoretisk opplæring. Skolekjøkken med birom. Og i et serskilt bygg, sløydsal og rom for handarbeid for jenter.

I denne ventetida vart det arbeidt med ein plan som gjekk ut på å få disponere “gamleskolen” berre til undervisningsformål. Saka vart drøfta både i skolestyret og kommunestyret. Og det vart vist stor interesse for saka. Det resulterte i at kommunestyret gjorde vedtak om å løyve pengar til ein lærarbustad og bustad med turvande kontorrom for tannlegen. Det vart samstundes gjort vedtak om at det skulle hoggast tømmer i kommuneskogane til alle “grovmaterialane”. Dermed fekk ein lettere byggeløyve og det kontante utlegget vart noe mindre. Disse to bygga sto ferdig tidleg i 1950, og ominnreiing av “gamleskolen” kunne ta til. Resultatet vart ett stort klasserom, materialrom og plass for vaktmester til nybygget kom. Og nå endeleg fekk også lærarane eit rom der dei kunne få seg litt mat i storkvila. Før måtte dei som ikkje budde i huset halda til på klasserommet eller på gangen.

I 1948 kom lærarane over på statens lønnsregulativ. Dei lærarane som budde i kommunale lærarbustader, måtte no betale husleige. Avgift måtte dei ogso betale for skolejord. Den læraren som hadde skolejorda ved Skrinnhagen gjekk av med pensjon det året. Og jordet på nordsia av skolen vart tatt i bruk som leikeplass.

Skolestyret gjorde vedtak om at framhaldsskolen skulle vere obligatorisk. Dermed fekk Biri 8-års pliktig skole. Det letta nok overgangen til 9-årig skole som kom omlag 20 år seinare. Og i desse åra vart det ein livleg diskusjon om den framtidige skoleordninga for Biri.

Skoleplanen av 1939 gjekk ut på som før nemnt, at Kringsrud og Klundby krinsar skulle leggjast ned. Klundby skole vart nedlagt i 1946. Det kom som eit krav frå dei som budde langs riksvegen. Vedtaket om krinsregulering gjekk kort sagt ut på at Skulhuselva skulle vere krinsgrensa. Dei på sørsida av elva skulle førast over til Redalen krins. Det vart likevel gjort eit unntak for Melby, Skjønsby og Klundby med underbruk. Det sto fritt om dei ville velja Redalen eller Skrinnhagen. I alle høve måtte skolebussen kjøre sørover etter øvre vegen, utover til Redalen og gjera ein rundtur og attende etter riksvegen nordover til Skrinnhagen.

Da det var vedtatt pliktig framhaldsskole måtte det ogso settast opp skoleskyss frå dei andre krinsskolane. Det gjekk for så vidt greit. Biri Bilselskap tok på seg skyssordning på ein tilfredsstillande måte. Og krinsane var på sett og vis glade for at ogso andre enn skoleungar kunne få bli med skolebussen til sentrum av bygda.

Alt lå nå til rette for å innføre den 4. skoledagen. Det vart gjort året etter. Det skapte ikkje so lite ekstra arbeid for å samordna frammøte for dei einskilde klassane. Det måtte vere på dei dagane dei hadde fri frå krinsskolen.

Biri hadde ingen skolesjef som kunne ta seg av den koordineringa som måtte til for å få ein timeplan som passa opplegget for framhaldsskolen. Arbeidet vart lagt til styraren av Skrinnhagen folke- og framhaldsskole. Som styrar hadde han fått nedsett lesetid fra 36 timer til 30 timer pr. veke. Elevane fra alle skolene fekk da opplæring i husstell, handarbeid og sløyd. Det var da planen å gå videre med det til ein 5. skoledag. Men så kjem det noe nytt inn i bildet. I 1954 vedtok Stortinget lov om Forsøk med 9-årig skole. Det vart samstundes utnemnt eit “Forsøksråd”.

Medlemmene i Forsøksrådet var effektive. Dei kom fort fram til konklusjonar og la fram klare innstillingar som folk flest fann å kunne slutte seg til. Forsøksrådet slo fast at den 9-årige skolen skulle delast i to trinn. Barneskolen for klasse 1–6. Ungdomsstrinnet for klasse 7–9. Dette vart kalla Mønster 6+3. Reint unntaksvis kunne mønstret bli 7+2. Det 9. året i ungdomsskolen skulle svare til 2. året i realskolen, og skulle vere grunnlaget for opptak i 1. klasse i gymnas og til ymse etatskolar og andre videregåande skolar.

Det var først om storleiken på skolen det oppsto ulike meiningar. Forsøksrådet meinte ein ungdomsskole etter mønsteret 6+3 burde ha minst 100 elevar i kvart årstrinn. Det var lett å få til i byar og tettbygde strøk. Skulle ein kommune rekna med å få samtykke til å bygge ut eigen ungdomsskole, da burde kommunen ha eit folketal på minst 6000 innbyggere. Ute i distriktene, og spesielt i fjord- og fjellbygder, var det ikkje mange kommunar av ein slik storleik.

Grunnen til at Forsøksrådet fann det turvande at skolen burde vere på minst 4 klassar på kvart årssteg, var vel av di dei meinte skolen burde vere linedelt. Skulle det da vere liner å velja millom, fann dei at 4 liner var eit rimeleg tal. Men ogso linedelte skolar måtte dei snart gå bort frå. Elevane ville ikkje bli sett i båsar frå 7. klasse av. Dei var ikkje modne nok til å ta avgjerd om lineval i så ung alder.

Skolelova av 10. april 1969 gav hver kommune høve til å innføre 9-årig skoleplikt. Men da måtte dei søkje departementet om samtykke. Berre i dei tilfelle kommunen hadde ein godt utbygd 7-årig folkeskole, kunne kommunen rekne med å få innvilga søknaden. Formannen eller ein annan frå Forliksrådet var da på inspeksjon i kommunen for å vere sikre på at alt låg til rette for å utvida skoleplikta til 10 år.

Ein får inntrykk av at skolen framleis er under omforming. Det gjeld både barnesteget og framfor alt ungdomssteget. Men det som har utvikla seg i riktig retning er prinsippet at minst ein ungdomsskole i kvar kommune, same kor liten kommunen er. Ein skole skal vere eit kulturelt samlingspunkt. Er skolen borte, er kommunen ribba for noko av det som kan skape trivsel og trua på framtida.

Biri er kjent for å vere ei vakker bygd som i dag ligg sentralt til i Mjøsregionen. Folket som bur her fortenar ein god skole både på barnesteget og ungdomssteget. Ein får berre vone at den store interessa folket viser skolen i jubileumsåret held ved. Den 22. april er det 150 år sia det første skolebygget ved Skrinnhagen vart tatt i bruk. Og det er 250 år sia den dansk/norske kongen den 23. januar 1739 kunngjorde den første skolelova. Jau, det har vore ein svær utvikling i skolen på desse åra. Ein får berre ynskje til lukke med jubileet og vone på fortsatt framgang.